“Norsk Kommunedirektørforum arrangerte nok eingang ein veldig bra Toppleiarkonferanse”

Avtroppende kommunedirektør i Vindafjord og styremedlem i KDf har skrevet og delt med oss en ypperlig oppsummering av Topplederkonferansen som vi her formidler i sin helhet!

Utgreiingar om reformer i kommunal sektor kjem på løpande bånd gjennom 2026. På Norsk Kommunedirektørforum sin topplederkonferanse 15-16. januar vart det sett fokus på arbeidet i Helsereformutvalget og Kommunekommisjonen gjennom innleiingar frå leiarane av utvala, Gunnar Bovim og Eivind Dale, og med kommunale innspel frå kommunedirektørane Stine Strømsø frå Senja og Turid Stubø Johnsen frå Sarpsborg, som begge leiar kommunedirektørforum sine referansegrupper for dei to utvala. I tillegg utfordra Kåre Hagen frå Storbyuniversitetet OsloMet forsamlinga på om vi treng ein norsk forvaltningsreform, der styringa av tenestene blir ein heilt anna enn i dag.

Arbeidet med utgreiingane vil bli vidareført gjennom 2026, og heile kommunal sektor ventar på om utgreiingane vil medføre faktiske reformer og endringar i både styringstrykk, oppgåvefordeling og finansiering av norske kommunar. Dette arbeidet blir fulgt tett av kommunedirektørforum, som og vil ha ei stemme i oppfølginga av utgreiingane.

Når kan ein Kommunedirektør ytre seg, er det tilfeller der kommunedirektøren må ytre seg, og når går byråkraten over i politikken sine spor var neste tema på agendaen. Her innleia Vidar Strømme frå Norsk institusjon for menneskerettar på balansegangen som her gjer seg gjeldande, og korleis denne er forsøkt regulert juridisk, før Knut Olav Åmås kåserte om byråkratens stemme, og kvar arven etter Evang og Mork som tydelige byråkratar har blitt av.

Kommunedirektørforum tok så opp “ballen” gjennom en “direktørpub” der spørsmålet om kva som ligg i “kommunedirektøren si ytringsplikt” vart drøfta i ei meir uformell atmosfære, i ein sesjon leia av kommunedirektørane Adelheid Buschmann Kristiansen frå Nittedal og Erling Kristiansen frå Ullensaker. I denne sesjonen delte fleire, både kommunedirektørar og andre, sine synspunkt på problemstillinga i ein tenketankinspirert setting.

Konferansen sin dag 2 starta med svingande improvisasjon frå Stig Roar Wigestrand trio, som kombinerte improvisasjonsjazz med refleksjonar om korleis kommunale leiarar kan lukkast med nyskaping og innovasjon. Vidare fulgte kommunedirektørane Ragnar Christoffersen og Kjersti Forbord Jensås opp med innlegg om korleis kommunane kan bruke “økonomisk uvær” til å omstille drifta, særskilt gjennom teknologi.

Kor effektive, eller lite effektive, er eigentleg norske kommunar, og kan vi effektivisere oss ut av problema var overskrifta for innlegg frå forfatter og samfunnsøkonom Martin Bech Holte og leiar av Teknisk Beregningsutvalg og professor ved NTNY, Jon Magnussen. Bech Holte tok forsamlinga gjennom nokre av sine perspektiv på effektivitet og korleis effektiviteten har endra seg dei siste 15 åra, medan Magnussen viste korleis TBU målar effektivitet i kommunal sektor, men og ein del svakheiter med desse målingane. Og stemmer det då faktisk at Norske Kommunar, ved å følgje den mest effektive kommune i den enkelte sektor kan spare 20 % samanlikna med i dag?

Avslutningsvis vart fokus sett på leiarskap, der Øyvind Henriksen, kommunedirektør i Nordre Follo gav sine perspektiv på leiarrolla i kommunal sektor, før Kristin Clemet, dagleg leiar i tenketanken Civita, gav sine perspektiv på at skal ein kunne være leiar så må det og vere mogeleg å leie. I innlegget sitt sette ho desse perspektiva opp mot ulike “leiaravgangar” og offentlege drøftingar om leiarskap og eigarstyring, eller mangel på sådan, i offentleg sektor, mellom anna avgangane til NAV-sjef Hans Christian Holthe og Bane Nor Sjef Thor Gjermund Eriksen og drøftinga om lønna til leiar i Helse Nord Marit Lind.

Norsk Kommunedirektørforum arrangerte nok eingang ein veldig bra Toppleiarkonferanse med eit spanande program. Konferansen er ein arena der du både får fagleg input og tid til refleksjonar omkring eigen leiarskap, samtidig som du før anledning til å treffe gode kollegaer frå heile landet.

Tekst: Ynge Folven Bergesen, avtroppende kommunedirektør, Vindafjord kommune

Foto: KDf
Foto: KDf

Yngve Folven Bergesen. Foto: Vindafjord kommune Ellen Marie Hagevik

Fortsett å lese

ForrigeNeste